Tjenester

Bibliotektenesta
På Åmli bibliotek finn du ei boksamling på ca. 17 000 bøker. Vi har og videoar, lydbøker og teikneseriar til utlån. Biblioteket abonnerer på 50 forskjellige tidsskrift, desse er og til heimlån.
På biblioteket finn du to datamaskinar med raskt Internett som det er gratis å bruke.
På biblioteket kan du og lese Agderposten.
Treng du bøker du ikkje finn på biblioteket i Åmli? Spør biblioteksjefen, ho kan skaffe bøker frå andre bibliotek.

Du kan søkje i bokbasen vår for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje kan vi skaffe det frå andre bibliotek. Du kan sjølv søkje i Agder Samsøk, og bestille sjølv om du har nasjonalt lånekort.

Bøker som blir lånt på Åmli bibliotek kan leverast kor som helst i Agder, vi tar også imot bøker lånt på andre bibliotek i Agder og returnerar dei for deg.

Translate »
Click to listen highlighted text!