På Åmli bibliotek finn du ei boksamling på ca. 17 000 bøker. Vi har og videoar, lydbøker og teikneseriar til utlån. Biblioteket abonnerer på 50 forskjellige tidsskrift, desse er og til heimlån.

På biblioteket finn du to datamaskiner med raskt internett som det er gratis å bruke.

På biblioteket kan du og lese Agderposten.

Treng du bøker du ikkje finn på biblioteket i Åmli? Spør biblioteksjefen, ho kan skaffe bøker frå andre bibliotek.

Translate »
Click to listen highlighted text!